Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

SOMMARMORO frå Norsk Barneblad

Vanlig pris 65,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 65,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Det er endeleg tida utan lekser og med lange late ettermiddagar. Ingen plass du MÅ vere. Ingenting du MÅ gjere. Du kan bruke tida di som du vil. Stort sett, då. Å hjelpe til heime må du jo, så klart. Men kva skal du finne på i all denne fritida di? Du kan ikkje sitje inne ved ein skjerm heile dagen. Alt håp er ute, som du veit. Kontakt vennene dine og finn på noko. Veit ikkje kva? Tipsa får du hos oss.

Du kan bygge ein flåte, spele frisbeegolf, bli ein sandslott-arkitekt, studere livet i fjøra, lage ein vasskikkert, ete tang, lage iskrem, lære deg å lage skuggebilde, fange krabber, teste kviss-kunnskapen din, gå på fotosafari, løyse sommarkryssord, steike pannekaker, gruble over oppgåver, spele slåball og lese teikneseriar! GOD SOMMAR!

I den oppdikta forteljinga " Den sommaren" kastar guten hoggorm over eit steingjerde. Det skal du ikkje gjere. Hoggormar er freda og skal ikkje verken kastast eller drepast.

Framside: Mai Lindberg UTSELD