Personvernerklæring for Norsk Barneblad

Slik handterer Norsk Barneblad personopplysingar. Dette gjeld opplysningar som er naudsynte for å kunne sende bladet ut til abonnentar og frå andre som er medprodusentar av stoff til bladet.

 

Redaktør og dagleg leiar er ansvarleg for handsaminga.

 

Abonnent

Frå abonnentane våre hentar vi inn opplysningar om namn, adresse, telefonnummer, fødselsdato og e-postadresse. Desse opplysningane er grunnlag for å sende bladet til rett lesar.

 

E-post

Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi tek imot ein slik e-post handsamar vi e-posten i samsvar med innhald og sletter han med ein gong. Døme på sensitivt innhald kan vere informasjon om helse, seksuell legning, politisk syn, religion, og anna.

 

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Heimesida til NB, www.barneblad.no, brukar informasjonskapslar for samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Dei seier noko om talet på besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker. Du kan sjølv forhindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillinga i nettlesaren.

 

Utlevering av personopplysningar til tredjepart

NB utleverer ikkje personopplysningar til andre. Unntaket er adresseopplysningar til Merkur Trykkeri AS, som trykker og distribuerer Norsk Barneblad.

 

Samtykke ved bruk av foto

Norsk Barneblad innhentar aktivt samtykke om bruk av bilete av personar i bladet. Det vert spesifisert i førespurnaden av at foto/video vil kunne nyttast både digitalt og i trykk.

 

Sosiale medium

Norsk Barneblad innhentar aktivt samtykke om ein person skal bli merkt (tagga) i eit innlegg som skal bli delt på sosiale medium som til dømes Facebook eller Instagram. Det er høve til å svare nei. Dette gjeld for alle som er med som «illustrasjon».

 

Føresette og barn

Norsk Barneblad spør alltid føresette om løyve, før vi intervjuer og fotograferer barn.

 

Abonnementsregister

Vi har eigen databehandlaravtale med MediaDigital som driftar vårt abonnementsregister. Gamle abonnentar blir strokne frå vårt register etter eitt år utan abonnementsavtale.

 

Lønsbilag

Vi oppbevarar lønsbilag i låst skap. Alle rekneskapsbilag blir fortløpande makulert etter ti år.