Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad 04/22

Vanlig pris 65,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 65,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Jorda er insekta sin planet! Det er ikkje vi menneske som er flest her på jorda. Nei, det er alle insekta. Vi menneske er vane med å setje oss sjølv først og over alt anna levande, men insekta kom hit lenge før oss. Dei blir også verande att om vi blir borte. Det er vi som er på besøk. For kvart menneske som lever på kloden i dag, finst det meir enn 200 millionar insekt. Av alt levande på jord er det flest maur. Insekta har hatt lang tid på seg til å utvikle seg, og tilpasse seg planeten vi deler med dei. Ikkje uventa har dei utvikla seg til å bli perfekte vesen for sitt liv. Insekta er fantastiske! For oss menneske er dei livsnødvendige. Les om kvifor i Norsk Barneblad.