Trea våre er viktige
Tre er levande vesen som vi har levd saman med i uminneleg tid. Tre er forskjellige, slik som vi er det. Somme ser snille og trygge ut. Dei gir oss...
Dei finaste illustrasjonane til dei finaste forteljingane frå Juletre som blei gitt ut på 50-, 60,- og 70-talet. Eit nydeleg julehefte.
Forteljingar av Ragnvald Vaage, Halvor J. Sandsdalen, Halldis Moren Vesaas, Mikkjel Fønhus, Alf Prøysen, Åsta Holth og fleire. Fint illustrerte av mellom andre Jens R. Nilssen og Solveig Muren Sanden. Du får også morosame gjensyn med gamle Smørbukk-episodar. Og du kan på nytt sjå nokre av dei flotte framsidene JULETRE har hatt gjennom sitt lange liv. 84 sider.
Utgitt i 2019.
Teikning framside og under, Solveig Muren Sanden.