Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

JULETRE nummer 12 2022

Vanlig pris 65,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 65,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Ingen veit når julefeiringa starta. Før kristen tid var det fest for Odin og Tor. Midtvintersblot blei kristen jul. Den gamle jula I vikingtida feira vi jul på den aller mørkaste og kaldaste tida på året, dagane like før og etter den 12. januar. På denne tida var vi ikkje kristne, men trudde på Odin, Tor, Frøya og andre norrøne gudar. Julefeiringa var til ære for gudane og forfedrane. Vi feira også at sola kom tilbake, og mørketida var over.

Ei ny jul

For om lag tusen år sidan bestemte den norske kongen at alle skulle bli kristne. Dei gamle gudane blei bytta ut med Gud og Jesus. Ingen skulle lenger slakte dyr til ære for Odin og Tor. No skulle alle gå i kyrkja. Vi skulle be, synge salmar og høyre på presten. Landet vårt var kristna. Jesus sin fødselsdag Kyrkja har ein stor og viktig fest midt på vinteren, Jesus sin fødselsdag. Strengt tatt så veit vi ikkje nøyaktig når Jesus blei fødd, men det passa bra med ei feiring i den mørkaste tida for oss her oppe i nord. Slik blei midtvintersblotet gjort om til den kristne jula vi kjenner i dag. Nokre ting er likevel som før: Jula handlar om å vere saman med familie og gode venner,og å finne lys og glede i ein lang mørk vinter.

God jul!