Har du vaska deg i dag?
I fleire hundre år trudde folk i Europa at bading var farleg, og at det var sunt å vere skikkeleg møkkete.
Hjernen er sjefen!
Når vi tenker på hjernen vår blir vi skikkeleg imponerte. Hjernen er sjefen for alt som skjer i kroppen din, til og med slike ting som vi aldri tenker over, som å puste eller at hjartet vårt slår. Hjernen er som ei supersterk datamaskin. Han tar vare på alt vi opplever, tenker, lærer, gjer og skal gjere, og alt som hender i kroppen vår. Alt på ein gong. Inga datamaskin i verda kunne gjort alt dette på ein gong. I augustbladet skriv vi om noko av alt det forunderlege som skjer i hjernen vår.