BARN I FORTIDA

Tenk om du vaks opp i steinalderen og budde i ei hole. Korleis hadde du det då? Kanskje var du barn i romartida og budde i fjerde etasje i ei blokk, midt i storbyen Roma? Kva med barna på bygda i mellomalderen, kva dreiv dei med? Tenk om du måtte gå på jobb i tillegg til på skulen? Slik mange barn måtte i byane på slutten av 1800-talet. Barndom er ikkje det same til alle tider og over alt. Korleis kan vi vite noko om barn i fortida? Kva ville du ha sagt til eit barn frå fortida, om ditt eige liv?