Utvandringa til Amerika

I år er det 200 år sidan nordmenn si store utvandring til USA, eller Amerika, som vi også seier. Mange av oss har slektningar der. For 200 år sidan starta ei lita folkevandring. Mange nordmenn reiste til USA og starta liva sine på nytt. Dei reiste frå alt det kjende her heime, pakka det dei kunne, og reiste til ei ukjend framtid. Det kravde mot. I dag bur det like mange folk i USA som seier at dei er norskætta som det er nordmenn i Noreg. 

Vi har eit nært forhold til USA, sjølv om det ligg eit godt stykke unna oss. Mange ting vi brukar til dagleg, har vi fått frå USA. Vi deler mykje av den same kulturen, sjølv om ikkje alt er likt. Vi ser på amerikanske filmar, høyrer på amerikansk musikk medan vi tygg tyggegummi, drikk Coca Cola og sit i joggedressen vår og drar i lissene på basketskorne våre. Då er vi faktisk svært så amerikanske.

USA er viktig for heile verda fordi det er eit stort og rikt land. Dette gjer at USA har mykje makt. USA har ein av dei største økonomiane i heile verda. For andre gong er Donald Trump valt til president i USA, og mange er spente på korleis det går. Men om alle amerikanarane som stemte på Trump får eit betre liv, slik han har lova dei, det vil berre framtida vise.