JULETRE

Mørketid er tid for lys og glitter

Det er mørkt og hustre ute. Ikkje så rart at vi gjerne vil pynte opp inne med lys og glitter. 

Nordmenn kjøper julepynt for veldig mykje pengar. I fjor kjøpte vi julepynt for meir enn 300 millionar kroner. Mykje av denne pynten er skadeleg for miljøet. Det er bruk og kast – billig plast og jugl som er både vanskeleg å resirkulere og miljøfarleg å produsere. 

Den mest miljøvennlege julepynten er den du lagar sjølv. Resirkuler ved å bruke av det du allereie har. Gjenbruk er aldri dumt, ei heller i jula. Gamle perler du aldri har fått tid til å bruke, små plastleiker du er for stor til … Alt kan bli julepynt! Slik var det i gamle dagar, og slik kan det vere no – om du vil.

Korleis trur du juletreet hadde sett ut om du og tipptippoldemor skulle ha pynta det saman? Tipptippoldemor med pynten frå tida ho levde, og du med din?

Tipptippoldemor pynta treet med eple, tråd med rosiner på, papirblomar, norske flagg, sløyfeband og kremmarhus, fletta korger og konglar måla i gull.

Kva vil du pynte treet med?