Dei har mange namn – sjørøvar, pirat, korsar, buccaner eller kystens brør. Med trebein, ein krok som hand, med lapp over auge og ein papegøye på skuldra. Lang jakke, tresnuta hatt og med gullring i øyra og med fletta skjegg. Det er slik vi ofte tenker på dei, men dette er nesten rein fantasi.
Dårleg betalt arbeid og strenge forhold på land, gjorde at mange såg på sjørøveri som ein måte å skaffe seg eit friare liv på. Rikfolk, landeigarar og adelsfolk gjorde livet hardt for dei som ikkje hadde så mykje. Då blei ikkje vegen så lang for unge sjøfolk med eventyrlyst og pågangsmot.
I det verkelege livet var sjørøverane både vondskapsfulle og grådige. Dei var barbariske menn og kvinner som levde og døydde med pistol eller dolk i handa. Dei brukte sine ofte korte liv på å røve ting frå andre. Trass i dette, så er dei stadig gjort til heltar i filmar og bøker.
Piratar og sjørøvarar er spennande og sluttar aldri å fasinere. Filmer, bøker og forteljingar om desse galningane er svært populære. Skatten på Sjørøvarøya, boka som Robert Louis Stevenson skreiv i 1883 blir enno lesen av skulebarn verda over. Kanskje har du lese ho også? Ein ting er sikkert, ideen om det frie og fartsfylte livet til ein sjørøvar er forlokkande enno. Men var det eigentleg så fritt og spennande? Les meir i denne utgåva av Norsk Barneblad. "Alt om piratar"Framsideteikning av Mai Lindberg