Norsk Barneblad

Annika

Teikneserien om Annika går som 4 sider i kvart Norsk Barneblad. Serien er teikna og fortalt av Håkon Aasnes.

Annika er ei jente på omlag 14 eller 15 år. Ho bur aleine saman med mor si som er skilt frå far til Annika. Dette er ikkje alltid like greitt, men Annika er ofte vaksnare enn mor si og ordnar opp i det meste. Annika har ein kjærast som heiter Ralle. Vel, som oftast har ho ein kjærast som heiter Ralle, men av og til blir dei uvenner og gjer det slutt.

Livet til Annika er aldri kjedeleg og ho hamnar stadig opp i mystiske situasjonar og møter ofte på vaksne som ikkje er av det beste slaget. Ho og Ralle må løyse opp i flokane dei vaksne steller i stand, samstundes med at dei skal klare både skolearbeid og ekstrajobbar. Men sjølv om livet til Annika til tider er tøft, så er det aldri kjedeleg og det ordnar seg alltid til slutt.

8Annika 5-09nett

kommentar til saka “Annika”

  1. Oj! Jeg trodde jeg sendte innlegget inn til bladet… Men jeg syns Annika er veldigt morsomt, men det kunne godt ha vært flere sider i hvert blad så historien ble lenger. Men det er veldig bra=) klem Yello Bear=)