Norsk Barneblad

Super julegåve!

Super julegåve!

Norsk Barneblad er ei super julegåve som kjem 12 gongar i året. Passar for alle barn frå 8 år og oppover.
Bestill no – gå inn på “abonnement” eller ring oss på 21 50 47 14/15
Vi sender Norsk Barneblad nummer 12 desember og JULETRE , svargåve og eit fint kort som fortel kven som er gåvegjevaren – [...]

Er DU høfleg?

Er DU høfleg?

Er du høfleg? Mange vaksne er ikkje særleg høflege, verken mot barn eller andre vaksne. Kvar dag tek eg t-bana til og frå Norsk Barneblad, og nesten kvar dag legg eg merke til uhøfleg framferd. På t-bana til byen om morgonen er det ofte svært fullt, men enkelte passasjerar brøyter seg fram utan å ta [...]

Julehefta er komne!

Julehefta er komne!

Har du hugsa på å bestille julehefter til vidaresal?

Du som har bestilt hefter får dei i løpet av få dagar. Men om du ikkje har tenkt tanken på å tene pengar på juleheftesal – ja så er det framleis tid. Klikk på “Julehefte” i menyen og les om kva du kan tene.
Her er det nemleg pengar [...]

Eit nynorsk nett-leksikon

Eit nynorsk nett-leksikon

Dagleg sit både du og eg og leitar etter godt stoff på Internett. Kanskje skal du skrive ei oppgåve og manglar opplysningar. Sjekk ut www.allkunne.no
Her finn du påliteleg faktastoff om nynorsk språk- og kulturhistorie. Her kan du lese om viktige personar, institusjonar og organisasjonar. Mange av desse er ikkje nemnde i andre oppslagsverk. For deg [...]

Dei kallar meg berre Hugo

Dei kallar meg berre Hugo

Hugo er ein gut på 11 år. Han og Ramn er bestekameratar heilt til alt skjer. Dei blir bitre fiendar og alt startar med ei gammal bok frå Frankrike. ”Ringeren i Notre Dame” av Victor Hugo. Har Hugo namnet sitt etter denne forfattaren som har vore daud i fleire mannsaldrar? I klassen til Hugo går [...]

Kattar på jobb

Kattar på jobb

I St. Petersburg i Russland finn vi eit museum med meir enn tre millionar kunstverk. Ja, Hermitage er eit av dei viktigaste musea i verda. Den vakre og kjempestore bygningen er gammal, og samlinga går heilt tilbake til Peter den store si tid. Ein svær kjellar husar dei kunstverka som ikkje er utstilte. Slike store [...]

Fisk har vondt av å bli fiska

Fisk har vondt av å bli fiska

Au au au! Ivrige hobbyfiskarar har alltid sagt at fisken ikkje kjenner smerte når han hamnar på kroken.

Lommepengar og likestilling

Lommepengar og likestilling

Det lønner seg framleis å vere gut. I snitt får gutar over 30 kroner meir i vekepengar enn jentene. Og dess eldre barna er, dess større blir skilnaden. Ja, faktisk er skilnaden på heile 60 % mellom ungdommar frå 15 til 17 år.

Den største katten i verda

Den største katten i verda

Ute i naturen lever ikkje tigrar og løver i same området. Dei møtest faktisk aldri. Difor finst det sjølvsagt verken ligrar eller tigonar ute i jungelen. Ein liger er eit kattedyr som har tiger til mor og løve til far. Ein tigon har løve til mor og tiger til far.