Norsk Barneblad

Historia til Norsk Barneblad

Norsk Barneblad er eitt av dei aller eldste barneblada i verda som framleis kjem ut. Det var den 26 år gamle studenten Kristen Stalleland frå Grimstad som grunnla bladet i 1887. Til det første nummeret hadde han 36 abonnentar. Han kalla bladet Sysvorti Norskt Barneblad. Sysvorti er det same som svarttrost. Etter få år vart namnet berre Norsk Barneblad, men svarttrosten er framleis maskot for bladet.

Tanken med bladet var først og fremst å gje dei unge lesestoff på nynorsk. Men det var også viktig å lage eit blad der ein tok dei unge meir på alvor. Snart tok også mange barn til å skrive i bladet.
Mange kjende personar har vore redaktørar: Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll, Johannes Farestveit, Jostein Krokvik, Olav Norheim og Gard Espeland. Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse har vore innom som redaksjonssekretærar.

Mange av dei mest kjende forfattarane og illustratørane her i landet har vore medarbeidarar. Nokre har også debutert i Norsk Barneblad som barn. Halldis Moren Vesaas skreiv i Norsk Barneblad som tiåring i 1918. Per Kleiva som i dag er representert på Nasjonalgalleriet, vann ein teiknekonkurranse i bladet som trettenåring i 1947. Det er fleire slike døme.

Frå 1938 har teikneserie-figuren Smørbukk hatt fast plass på baksida av bladet. Han vart først teikna av Jens R. Nilssen. Sidan tok Solveig Muren Sanden over. I dag blir serien laga av Håkon Aasnes. Han lagar også dei to populære teikneseriane Annika og Hanna.

Mange kjende forfattarar skriv for Norsk Barneblad, men bladet er også eitt av dei få der nye forfattarar, illustratørar og teikneserieskaparar kan prøve seg. Det hender dessutan at vi trykkjer opp att klassikarar, både norske og utanlandske. Elles er det aktuelle fagartiklar og reportasjar – ofte slikt ein ikkje finn så mykje av i andre blad.

Dei aktive lesarane skriv sjølve ein stor del av bladet. Først og fremst skriv dei til spalta Ordskifte, der det til tider er ein heftig debatt som både gamle og unge følgjer med i.