Om Norsk Barneblad

Norsk Barneblad er eit blad for deg som er frå 8 år og oppover.
Vi kjem ut 12 gongar i året – men ikkje i sommarferien.
Til kvar jul får du JULETRE, som er eit eige julenummer, gratis tilsendt i posten.
I kvart nummer kan du lese
- norske teikneseriar som Hanna, Smørbukk, Skulen og Annika
- aktuelle reportasjar og artiklar
- forteljingar
- hobbystoff og ting du kan lage sjølv
- musikkstoff
- kryssord og vitsar
- eiga diskusjonspalte for lesarane, Ordskifte.
- fakta og dyrestoff
- quiz
- du kan sende inn dine eigne forteljingar, vitsar, hobbytips og få det på trykk



