Eit slit å lage leiker!
Sjølv om det er lenge til jul kan det vere greitt å vite at verkstaden til nissen ligg i Kina. Nærare bestemt i Guangzhou, som er hovudstaden i provinsen Guangdong. Her er det åtte tusen leiketyfabrikkar. Desse fabrikkane lagar 75 % av alle leiker som blir selde over heile verda. Guangzhou heitte Canton før, og [...]
Lensmann Snufs blir sjalu!
– Kanskje, sa lensmann Snufs til seg sjølv. – Kanskje dersom eg hoppa på ein fot heilt til Drammen, så kom ho til å forstå kor forelska eg er i henne. Det var sjølvsagt den hemmelege kjærasten sin, Edith Granberget, som Snufs sat og tenkte på. Som alle no veit, var problemet at Snufs [...]
Uglies – ei kjempebra bok!
Uglies av Scott Westerfield er veldig annleis og svært spennande bok. Uglies er den første boka i ein trilogi. Tally blir snart 16 år og ho kan nesten ikkje vente. Om berre få veker skal ho opererast og bli vakker. Ho skal ikkje lenger vere ein stygging, men bli ei slåande vakker ung dame. Som perfekt vakker [...]
Akerselva er daud!
I løpet av 20 år har Oslo Kommune brukt meir enn 200 millionar kroner på å stenge gamle kloakkrør og å reinse Akerselva. No var elva endeleg frisk og fin og full av fisk. Men på berre ei natt er elva på nytt daud og tom for alt liv. Tysdag 1. mars i år – langt nedi [...]
Et vi det same over heile verda?
Er du muslim eller jøde, så er krokodiller, slangar og froskelår ikkje god mat. Men er du fransk, kinesisk eller frå Karibia, så er froskelår nammenam. Også i sørstatane i USA er frosken populær på middagsbordet. I Thailand, Australia og Sør-Afrika er krokodille normalt i kosten. I enkelte delar av USA er klapperslangen ein godbit [...]
Kva er god bordskikk?
Det er ikkje god bordskikk å ete med fingrane eller å slikke dei reine. Eller er det kanskje det? Ja, det er berre eit spørsmål om kvar du er når du gjer det. Er du i Marokko, er det fint, men er du i Russland, er det heller tvilsamt. Her i landet sit vi på [...]
Rampestreken
Den klassiske frukostmoroa Bruker familien din egg til frukost på laurdagar eller søndagar? Om svaret er ja, har du sjansen til å gjere ein klassisk rampestrek av enklaste og beste merke. Du byter om innhaldet i salt og sukker-bøssene. Så enkelt og så morosamt. Så når far skal salte det kokte egget sitt og ta [...]
På tide med noko godt?
Muffins er både godt og raskt å lage. Her er ei enkel og lett oppskrift på tigermuffins. Tigermuffins 16 store eller 30 små muffins Dette treng du: 100 gram smør 2 dl sukker 2 egg 4 dl mjøl 2 teskeier bakepulver 1 teskei vaniljesukker 1 1/2 dl mjølk 1/2 dl kakaopulver Slik gjer du: Rør mjukt [...]
Eit stinkande Europa!
Svartedauden tok livet av mellom 25 og 50 millionar menneske i Europa og legane meinte at det var vatnet sin feil. Smitten blei altså overført i vatnet. Ojsan, tenkte folk då og slutta heilt å vaske seg. Og slik heldt det fram i mange hundre år. Folk stinka, ja heile Europa stinka. Rikfolk kunne jo [...]




