Ikkje drep småfuglane!
Kast aldri tyggegummien din ute på gata eller i naturen! Han kan ta livet av småfuglane. Vinterstid er småfuglane på stadig leit etter mat. Lukta frå tyggegummien gjer at dei trur at dei har funne ein godbit. Men sanninga er at dei har funne ei dødsfelle. Så snart fuglane får tyggegummi i nebbet sitt går det [...]
«Skrinet med det rare i»
«Skrinet med det rare i» av Eirik Helleve, er forteljinga om Norsk Barneblad gjennom 125 år. Boka er gjennomillustrert i fargar, fint innbunda og på heile 160 sider. Boka kostar kr 349. Dei som er abonnentar eller som betaler for eit abonnement får boka til spesialpris kr 279. ISBN 978-82-7095-154-3 Du kan kjøpe boka på tre måtar: Set [...]
Norsk Barneblad har fødselsdag!
I år fyller Norsk Barneblad 125 år! Tenk at vi har komme ut i 125 år. Det er lenge, det! Vi har laga meir enn førti tusen sider med lesestoff for barn og unge. Ja, kanskje tippoldemora di også las Norsk Barneblad då ho var lita. 125 år er mange generasjonar, og vi har ikkje [...]
Ein liten sjiraff er fødd!
Året starta godt i Kristiansand Dyrepark. På torsdag 5. januar i år, kom ei lita sjiraffjente til verda. Ho vog 60 kilo og er omlag 175 cm høg. Mora heiter Mindy og er 4 år gammal og kom frå ein dyrehage i Sverige i juni 2010. Faren heiter Georg og er fødd i Danmark. Han er sju [...]
Godt nytt år!
Vi ønskjer nye og gamle lesarar godt nytt år! Håper de alle har hatt ei fin jul og ei fin markering på det nye året. Diverre er stygge skadar frå uvettig oppskyting av fyrverkeri trist lesnad ved inngangen til kvart nytt år. Slik var det også i år. Det er difor ein god ide at [...]
God jul til alle lesarane våre!
Vi ønskjer alle som les Norsk Barneblad ei fredeleg jul og eit godt nytt år! Beste helsing frå Wenche & Nana
Julestjerna
Ei av dei mest populære juleplantene våre er julestjerna. Ho blei vanleg her i landet på slutten av femtitalet. Julestjerna kjem frå Mexico. Det er inga ny plante. Vi veit at aztekarane dyrka julestjerner. Slik steller du julestjerna di: Pass på at julestjerna blir godt pakka inn når du kjøper ho. Ho toler ikkje frost. [...]
Norsk Barneblad blir 125 år!
Neste år fyller vi 125 år! I alle desse åra har mykje skjedd og no gir vi ut ei flott illustrert bok som syner litt av alt som har skjedd sidan første blad kom i 1887. Boka har vi kalla «Skrinet med det rare i» og er den første samla oppsummeringa av Norsk Barneblads mangeårige historie. [...]
Ten pengar til jul!
Sel julehefte – ten pengar! Vil du tena pengar til jul? Eller kanskje klassen din eller korpset ditt treng pengar til klassetur eller korpstur? Sel du julehefte for Norsk Barneblad, er det pengar å henta. Du kan tinga så få eller så mange hefte du ynskjer, men det er ikkje returrett på Smørbukk eller Tuss & [...]
2440 05 05795 er rett kontonummer
Vi kom i skade for å gløyme ein null på kontonummeret til alle som fekk tilbod om å kjøpe jubileumsboka vår og abonnement via Noregs Mållag og Norsk Tidend. Rett kontonummer er 2440 05 05795 Vi er leie for dette!



