Norsk Barneblad

Vil du selje julehefte?

Sel julehefte – ten pengar! lønn som fortent

Vil du tena pengar til jul? Eller kanskje klassen din eller korpset ditt treng pengar til klassetur eller korpstur? Sel du julehefte for Norsk Barneblad, er det pengar å henta. Du kan tinga så få eller så mange hefte du ynskjer, men det er ikkje returrett på Smørbukk eller Tuss & Troll som vi har eit avgrensa opplag av.

 Utsalspris kr 43,50.

Som seljar får du hefta til desse prisane:

1 til 5 hefte                   kr 43,50 per stk                     

5 til 10 hefte                 kr 36,00 per stk                     

11 til 29 hefte               kr 33,00 per stk                     

30 til 59 hefte               kr 30,00 per stk                     

over 60 hefte               kr 25,00 per stk                     

Vi reknar ut prisane etter kor mange hefte du kjøper til saman. Kjøper du til dømes 45 Smørbukk, 35 Tuss og Troll og 20 Juletre, blir det til saman 100 hefte. Då blir prisen du skal betala til Norsk Barneblad kr 25 per stk. Du tener altså 18,50 kroner heftet, eller 1850 kroner til saman der som du sel alle hefta. Men hugs at porto kjem i tillegg dersom du ikkje betalar på førehand. Betalar du hefta før du har selt dei, betalar Norsk Barneblad porto. Ventar du med å betala til du har selt hefta (seinast 30. desember), kjem porto i tillegg.

(Porto for opp til 50 hefte er 100 kroner, og 150 kroner for 100 hefte).

Ring 21 50 47 14 eller 21 50 47 15 om det er noko du lurer på.

Vi sender ut blad frå 15. november og utover.