Norsk Barneblad

Arkiv for sommar

Du ser på arkivet for sommar.

GRATIS FRØ!

GRATIS FRØ!

Send ein konvolutt med frimerke på til Norsk Barneblad, Pilestredet 8, 0180 Oslo og vi sender deg gratis frø til zinnia, ringblom og stokkroser! Så er du sikra ein vakker og fargerik hage neste sommar! Foto er av blomen som heiter zinnia. Norsk Barneblad for hageglade barn  på nynorsk!

Friminutt i elva!

Friminutt i elva!

Det lange friminuttet er godt likt av alle som går på skule. Uansett kvar i verda dei bur. I landet Laos har elevane ein heil time fri. Då badar dei gjerne, etter å ha ete mat vi truleg ville ha takka nei til. Khamla er ein gut på åtte år. Han bur i ein liten […]

Lag eit tivoli!

Lag eit tivoli!

Dette blir det mest spennande som skjer i sommar. Du og kameratane dine kan lage eit tivoli. Alle kan vere med, men det er mest praktisk om alle er under 15 år. Nokre gonger er det ein fordel å vere barn. Dersom vaksne skal lage til tivoli, må dei ha lov frå kommunen og politiet. […]

Heimelaga is på 1 - 2 - 3!

Heimelaga is på 1 – 2 – 3!

Kva er vel sommaren utan is? Her får du oppskrift på ein heimelaga is som både er rask å laga, og som smakar skikkeleg godt. Du kan variera med ulike frukt og bær og gjerne tilsetja vaniljesukker eller ekte vanilje. Fylgjer du oppskrifta under, vil du garantert få eit godt resultat. Du treng: 2 ss […]

Iskrem-historie

Iskrem-historie

Det er ikkje berre i våre dagar at folk kosar seg med iskrem når dei skal unna seg noko godt. Mange meiner at kinesarane kjende til kunsten å laga isliknande dessertar lenge før vår tidsrekning. Også grekarane og romarane lærte tidleg å avkjøla seg med lekre, kalde dessertar. Vi kan lesa at italienarane hadde is […]