Norsk Barneblad

Arkiv for nynorsk

Du ser på arkivet for nynorsk.

Ikkje drep småfuglane!

Ikkje drep småfuglane!

Kast aldri tyggegummien din ute på gata eller i naturen! Han kan ta livet av småfuglane. Vinterstid er småfuglane på stadig leit etter mat. Lukta frå tyggegummien gjer at dei trur at dei har funne ein godbit. Men sanninga er at dei har funne ei dødsfelle. Så snart fuglane får tyggegummi i nebbet sitt går det [...]

Norsk Barneblad har fødselsdag!

Norsk Barneblad har fødselsdag!

I år fyller Norsk Barneblad 125 år! Tenk at vi har komme ut i 125 år. Det er lenge, det! Vi har laga meir enn førti tusen sider med lesestoff for barn og unge. Ja, kanskje tippoldemora di også las Norsk Barneblad då ho var lita. 125 år er mange generasjonar, og vi har ikkje [...]

Ein liten sjiraff er fødd!

Ein liten sjiraff er fødd!

Året starta godt i Kristiansand Dyrepark. På torsdag 5. januar i år, kom ei lita sjiraffjente til verda. Ho vog 60 kilo og er omlag 175 cm høg. Mora heiter Mindy og er 4 år gammal og kom frå ein dyrehage i Sverige i juni 2010. Faren heiter Georg og er fødd i Danmark. Han er sju [...]

Godt nytt år!

Godt nytt år!

Vi ønskjer nye og gamle lesarar godt nytt år! Håper de alle har hatt ei fin jul og ei fin markering på det nye året. Diverre er stygge skadar frå uvettig oppskyting av fyrverkeri trist lesnad ved inngangen til kvart nytt år. Slik var det også i år. Det er difor ein god ide at [...]

Julestjerna

Julestjerna

Ei av dei mest populære juleplantene våre er julestjerna. Ho blei vanleg her i landet på slutten av femtitalet. Julestjerna kjem frå Mexico. Det er inga ny plante. Vi veit at aztekarane dyrka julestjerner. Slik steller du julestjerna di: Pass på at julestjerna blir godt pakka inn når du kjøper ho. Ho toler ikkje frost. [...]

Ten pengar til jul!

Ten pengar til jul!

Sel julehefte – ten pengar!  Vil du tena pengar til jul? Eller kanskje klassen din eller korpset ditt treng pengar til klassetur eller korpstur? Sel du julehefte for Norsk Barneblad, er det pengar å henta. Du kan tinga så få eller så mange hefte du ynskjer, men det er ikkje returrett på Smørbukk eller Tuss & [...]

Rufus

Rufus

Miss Lesehest har sendt oss dette søte biletet av kattungen sin, Rufus! Er han ikkje nydeleg? Kanskje du har eit kjæledyr du vil vise fram? Då kan du sende mms til 952 44 561 eller e-post med fil til nana@norsk-barneblad.no Norsk Barneblad for dyrevennar – på nynorsk!

Skrivekonkurranse!

Skrivekonkurranse!

Skriv ein skikkeleg grøssar og kanskje vinn du flotte bokpremiar! Eit bra tema er halloween eller allehelgensdag som vi seier på norsk. Feiring av allehelgensdag vert stadig meir populært, og mange barn elskar å kle seg ut i skremmande kostyme denne kvelden. For ikkje å tale om alt snopet ein kan få ved å vitje [...]

Minerydding - for eit tryggare liv!

Minerydding – for eit tryggare liv!

Kvar einaste dag blir uskuldige drepne eller lemlesta av miner. I meir enn 70 land i verda ligg det enno tusentals miner gøymt i jorda. Dette er svært farleg. I 1997 blei det forbode å bruke miner og i 2010 blei det også forbode å bruke klasebomber. Men likevel ligg det framleis tusentals miner igjen og [...]

Flausar

Flausar

For litt sidan skulle klassen min og eg ut og bade. Der var det ei flytebrygge vi skulle hoppe ifrå. Brygga var full av folk, og eg måtte hoppe først. Eg hoppa og sumde tilbake til brygga. Då såg eg at alle lo av meg, men eg skjøna ikkje kvifor. Men så sa venninna mi [...]