Norsk Barneblad

Arkiv for miljø

Du ser på arkivet for miljø.

Frå olje til vatn?

Frå olje til vatn?

Snart tek oljen slutt meinar svært mange som har greie på slikt. For første gong blir det produsert meir gass enn olje på norsk sokkel. Reint vatn er eit gode som er knapt mange land i verda. Her i landet har vi mykje vatn og vi er eit av dei «våtaste» landa i heile verda. [...]

Kanskje dette blir din bil om nokre år?

Kanskje dette blir din bil om nokre år?

Kias nye elektriske miljøbil, Pop, ser ganske kul ut. Han ser verkeleg ut som ein bil frå framtida. Pop er 3 meter lang og skal ha plass til 3 personar. Pop skal visast for første gong på bilmessa i Paris i oktober. Her i landet er det omlag 2 millionar bilar og av desse er det berre [...]

Nokon går og andre kjem...

Nokon går og andre kjem…

Vi les nesten dagleg om utrudningstruga dyr og insekt. Men visste du at det enno er mange dyr og insekt som ennå ikkje er oppdaga? Berre denne sommaren har forskarar funne fleire dyr og insekt som vi ikkje visste fanst. Utanfor kysten av Canada har ein til dømes funne fleire ukjente artar djupt nede på [...]

Vips så kom det to nyfødde pandaungar!

Vips så kom det to nyfødde pandaungar!

Dyreparken i Kristiansand har fått to nye bittesmå bebuarar. Plutseleg så var dei berre der. Klokka halv tre tysdag ettermiddag oppdaga ein dyrepassar at den raude pandahoa, som dei akkurat hadde fått frå København, ikkje lenger var aleine. To ørsmå byltar låg tett inntil ho. Dyrepassaren skjøna sjølvsagt med ein gong at pandahoa hadde fått kvelpar. To [...]

Obsession - ein parfyme for jaguarar

Obsession – ein parfyme for jaguarar

Moteskaparen Calvin Klein er kjent for parfymen Obsession som mange damer over heile verda brukar. Vi damer tek jo på litt parfyme for å dufte ekstra godt og slik tiltrekke oss menn, men det vi ikkje visste er at jaguarar også likar Obsession. I Guatemala har forskarar eksperimentert med mange ulike lukter for å lokke jaguarane fram frå jungelen [...]

EXPO 2010

EXPO 2010

Verdsutstillinga i Shanghai 1. mai opnar verdsutstillinga som er den største nokonsinne, i Shanghai. I 184 dagar vil utstillinga vare og mellom 70 og 100 millionar menneske er venta å kome innom. Heile 242 land og organisasjonar er påmelde som utstillarar. EXPO 2010 har som tema ”Betre byar, betre liv”. Byliv er for første gong [...]

Hus av jord, ølboksar og gamle bildekk!

Hus av jord, ølboksar og gamle bildekk!

I det tørre landskapet I New Mexico, USA, finn vi ein heil liten by som er bygd av jord, ølboksar og gamle bildekk. Desse husa blir kalla jord-skip eller earth ships på engelsk. Michael Reynolds heiter mannen som står bak dette som han kallar «The Greater World Community». Reynolds meinar at dette er framtida. Hus som [...]

Den nye vennen til Fantorangen?

Den nye vennen til Fantorangen?

Nei, det er det nok ikkje. Dette er ein axolotl, ein salamander frå Mexico. Utruleg søt, ikkje sant? Og det er det ikkje berre vi to som tenker. Axolotlen er populær som akvariedyr over det meste av verda. I USA er dei kjempepopulære og har eigne fanklubbar. Ja, både i Sverige og Danmark får du [...]

Songsvaner har høgderekorden!

Songsvaner har høgderekorden!

Songsvaner liker å flyge høgt. Ein pilot i eit fly over Ytre Hebridane såg ein gong songsvaner på heile 8 230 meters høgd, altså over åtte kilometer oppe i lufta. Der oppe er det rundt minus 50 grader, og lufttrykket er berre ein tredjedel av trykket ved bakken. Dette skal vere verdsrekord i høgdeflyging for [...]

Gje mat til småfuglane!

Gje mat til småfuglane!

Mange småfuglar kjempar for å overleve i kulda. Denne vinteren er ekstra hard for dei. Småfuglane er så små og lette at dei har problem med å halde kroppstemperaturen sin oppe. Og skal dei greie det treng dei nok mat. Du kan godt lage fuglematen heime på kjøkenet ditt og det treng ikkje koste så mykje. [...]