Norsk Barneblad

Arkiv for jente

Du ser på arkivet for jente.

Rampestrek!

Rampestrek!

Prompeputa  På skulen er det viktig å kunne le litt av og til. Etter storefri kan det vere ein god idé å leggje ei prompepute på stolen til læraren. Eller kanskje er det ein betre idé å leggje puta på førarsetet i bilen? Eller i godstolen til far, etter middagen? Du veit best.   Dette treng [...]

Ikkje drep småfuglane!

Ikkje drep småfuglane!

Kast aldri tyggegummien din ute på gata eller i naturen! Han kan ta livet av småfuglane. Vinterstid er småfuglane på stadig leit etter mat. Lukta frå tyggegummien gjer at dei trur at dei har funne ein godbit. Men sanninga er at dei har funne ei dødsfelle. Så snart fuglane får tyggegummi i nebbet sitt går det [...]

Auroradagbøkene - boktips til påske!

Auroradagbøkene – boktips til påske!

«Aldri tilfreds» og «Like sint» heiter dei to dagbøkene til den franske jenta, Aurora. Ho er ikkje fornøgd med livet sitt og fortel i klartekst i dagboka si, kva ho tenker og føler om det meste. Og det er ikkje lite. I den første boka, «Aldri tilfreds» blir vi kjent med Aurora. For det meste [...]

Saiko - spennande ungdomsbok

Saiko – spennande ungdomsbok

Simon og Ella møtest under greinene på heggen, alt er søtt og sommar og nesten eit kyss. Det er denne sommaren alt det gode må skje. Til hausten skal Ella gå siste året på ungdomskulen og ho og venninnene hennar er bra lei av den vesle bygda. Men dei gler seg til sommaren. Ella har ikkje har så [...]

Uglies - ei kjempebra bok!

Uglies – ei kjempebra bok!

Uglies av Scott Westerfield er veldig annleis og svært spennande bok. Uglies er den første boka i ein trilogi. Tally blir snart 16 år og ho kan nesten ikkje vente. Om berre få veker skal ho opererast og bli vakker. Ho skal ikkje lenger vere ein stygging, men bli ei slåande vakker ung dame. Som perfekt vakker [...]

Er det uhøfleg å gløyme smileteikn? ;-)

Er det uhøfleg å gløyme smileteikn? ;-)

I Aftenposten les vi idag at det er uhøfleg å gløyme smileteikn i tekstmeldingar.  «Ok, ser deg i kveld.» eller «Ok, då ser eg deg i kveld .» Kva melding trur du er skriven av ei jente? Jenter sine tekstmeldingar blir gjerne avslutta med eit smilefjes, medan gutane gjerne skriv korte meldingar utan smilefjes.  Jenter [...]

Anette Sagen - først i bakken!

Anette Sagen – først i bakken!

Vi gratulerer  Anette Sagen som førstehoppar i «nye» Holmenkollbakken. Ho skal hoppe som den første og etter henne kjem 19 menn. Og slik måtte det jo bli. Det var eit folkekrav av Anette skulle få vere den første til å prøve bakken offisielt. Ei eiga gruppe på Facebook med tusentals medlemmer har sagt sitt. Ja, [...]

Kjedar du deg?

Kjedar du deg?

Då treng du ei bok – då treng du Veslebror ser deg av Cory Doctorow Denne romanen går føre seg i San Francisco i nær framtid, og handlar om 17-årige Marcus Yallow, ein gjennomsnittleg High School-elev, men med over gjennomsnittet datakunnskap og -interesse. Han er ein hackar og ein rollespelnerd, ein som tullar med skolens [...]

Lommepengar og likestilling

Lommepengar og likestilling

Det lønner seg framleis å vere gut. I snitt får gutar over 30 kroner meir i vekepengar enn jentene. Og dess eldre barna er, dess større blir skilnaden. Ja, faktisk er skilnaden på heile 60 % mellom ungdommar frå 15 til 17 år.