Norsk Barneblad

Arkiv for gut

Du ser på arkivet for gut.

Rampestrek!

Rampestrek!

Prompeputa  På skulen er det viktig å kunne le litt av og til. Etter storefri kan det vere ein god idé å leggje ei prompepute på stolen til læraren. Eller kanskje er det ein betre idé å leggje puta på førarsetet i bilen? Eller i godstolen til far, etter middagen? Du veit best.   Dette treng [...]

Ikkje drep småfuglane!

Ikkje drep småfuglane!

Kast aldri tyggegummien din ute på gata eller i naturen! Han kan ta livet av småfuglane. Vinterstid er småfuglane på stadig leit etter mat. Lukta frå tyggegummien gjer at dei trur at dei har funne ein godbit. Men sanninga er at dei har funne ei dødsfelle. Så snart fuglane får tyggegummi i nebbet sitt går det [...]

Ei nyslipt øks!

Ei nyslipt øks!

Magnus skulle prøva ei nyslipt øks, og hogg seg i foten. Han måtte liggja eit par dagar, men trøysta seg med Norsk Barneblad! Og vi i Norsk Barneblad ønskjer Magnus god betring! Kanskje du som les dette har eit bilete med ei historie du vil dele med andre? Send det inn til nana@norsk-barneblad.no  

Cherubserien- boktips til påske!

Cherubserien- boktips til påske!

Kvar påske hiv dei vaksne seg over krim og spenningsbøker  – og kanskje du også har lyst på nokre skikkeleg spennande bøker i påska? Då er Cherub-serien midt i blinken for deg. Forfattaren, Robert Muchamore, arbeidde som privatdetektiv i 13 år og det kan du merke på bøkene. Dette er både realistisk og nifst. Det [...]

Uglies - ei kjempebra bok!

Uglies – ei kjempebra bok!

Uglies av Scott Westerfield er veldig annleis og svært spennande bok. Uglies er den første boka i ein trilogi. Tally blir snart 16 år og ho kan nesten ikkje vente. Om berre få veker skal ho opererast og bli vakker. Ho skal ikkje lenger vere ein stygging, men bli ei slåande vakker ung dame. Som perfekt vakker [...]

Er det uhøfleg å gløyme smileteikn? ;-)

Er det uhøfleg å gløyme smileteikn? ;-)

I Aftenposten les vi idag at det er uhøfleg å gløyme smileteikn i tekstmeldingar.  «Ok, ser deg i kveld.» eller «Ok, då ser eg deg i kveld .» Kva melding trur du er skriven av ei jente? Jenter sine tekstmeldingar blir gjerne avslutta med eit smilefjes, medan gutane gjerne skriv korte meldingar utan smilefjes.  Jenter [...]

Ulltoppane

Ulltoppane

Korkje foreldra eller lærarane er heilt nøgde med den femten år gamle Eino, og ein dag innser han sjølv at det er på tide å få orden på livet. Musikk er den store interessa, og det høgste ynsket er å få seg gitar, eit ynske han får oppfylt. Eino får med seg gutane Tom og [...]

Georg hatar skolen...

Georg hatar skolen…

Georg hatar skolen. Han er dårlegast i alt og har dumpa to gongar. No er han tretten og utvist frå sjette klasse. Ja, skolen vil ikkje ha han tilbake i det heile tatt. Til og med bestefar Leon som alltid har vore bestevennen hans, kjeftar og seier at han må ta seg saman. Ta seg [...]

Kjedar du deg?

Kjedar du deg?

Då treng du ei bok – då treng du Veslebror ser deg av Cory Doctorow Denne romanen går føre seg i San Francisco i nær framtid, og handlar om 17-årige Marcus Yallow, ein gjennomsnittleg High School-elev, men med over gjennomsnittet datakunnskap og -interesse. Han er ein hackar og ein rollespelnerd, ein som tullar med skolens [...]

Lommepengar og likestilling

Lommepengar og likestilling

Det lønner seg framleis å vere gut. I snitt får gutar over 30 kroner meir i vekepengar enn jentene. Og dess eldre barna er, dess større blir skilnaden. Ja, faktisk er skilnaden på heile 60 % mellom ungdommar frå 15 til 17 år.