Nana
You are browsing the archives of Nana.
You are browsing the archives of Nana.
Våren er sein i år, sa lensmann Snufs til seg sjølv. Det var tidleg søndag morgon, og han titta på gradestokken, som viste minus fem. Men det er ein fin dag for ein skogstur, tenkte han. Snufs visste at kjærasten hans brukte å gå tur langs Bjørkåsvatnet søndag føremiddag, og det var derfor gode sjansar for [...]
Det er ikkje berre i våre dagar at folk kosar seg med iskrem når dei skal unna seg noko godt. Mange meiner at kinesarane kjende til kunsten å laga isliknande dessertar lenge før vår tidsrekning. Også grekarane og romarane lærte tidleg å avkjøla seg med lekre, kalde dessertar. Vi kan lesa at italienarane hadde is [...]
For eit tid tilbake ba vi lesarane sende oss eit fint vårtmotiv og det har to søstre frå Volda gjort. Takk skal dei ha! Heidrun Sunde Stokke har knipsa kanina Snapp som spring i rundt i eit vårleg landskap. Og Ragnhild Sunde Stokke har sendt inn eit foto ho har kalla «Ein vårdag i mars». Tusen takk [...]
Taynikma er ein dansk bokserie som er ei spennande blanding av vanleg tekst og teikneserie. Perfekt for deg som ikkje orkar for mykje tekst. Vi møter ein ung gut, Koto, som vil hjelpe foreldra sine med å skaffe pengar til eit nytt hus sidan dei blir kasta ut av huset dei bur i. Dette skjer [...]
Den klassiske frukostmoroa Bruker familien din egg til frukost på laurdagar eller søndagar? Om svaret er ja, har du sjansen til å gjere ein klassisk rampestrek av enklaste og beste merke. Du byter om innhaldet i salt og sukker-bøssene. Så enkelt og så morosamt. Så når far skal salte det kokte egget sitt og ta [...]
Kva trur du er mest farleg? Ein hai eller ein brødristar? I 2009 omkom 791 personar i USA av brødristarar, medan 9 personar blei drept av hai det same året. Men kva er vi mest redde for? Haien så klart… Men vi burde altså vere reddare for å bruke brødristaren vår enn for at det skal bli [...]
Kvar påske hiv dei vaksne seg over krim og spenningsbøker – og kanskje du også har lyst på nokre skikkeleg spennande bøker i påska? Då er Cherub-serien midt i blinken for deg. Forfattaren, Robert Muchamore, arbeidde som privatdetektiv i 13 år og det kan du merke på bøkene. Dette er både realistisk og nifst. Det [...]
«Aldri tilfreds» og «Like sint» heiter dei to dagbøkene til den franske jenta, Aurora. Ho er ikkje fornøgd med livet sitt og fortel i klartekst i dagboka si, kva ho tenker og føler om det meste. Og det er ikkje lite. I den første boka, «Aldri tilfreds» blir vi kjent med Aurora. For det meste [...]
Simon og Ella møtest under greinene på heggen, alt er søtt og sommar og nesten eit kyss. Det er denne sommaren alt det gode må skje. Til hausten skal Ella gå siste året på ungdomskulen og ho og venninnene hennar er bra lei av den vesle bygda. Men dei gler seg til sommaren. Ella har ikkje har så [...]
Antikythera-maskinen er den eldste datamaskinen i verda. I mange år har forskarar lurt på kva han blei brukt til. No har dei funne svaret. Antikythera-maskinen er ein astronomi-kalkulator som viste kvar himmel-lekamane sto i forhald til kvarandre. Maskinen er bygd opp av 37 skiver med tannhjul. Han blei driven av ei handsveiv. Dette høyrest kanskje [...]