Nana
You are browsing the archives of Nana.
You are browsing the archives of Nana.
Mange småfuglar kjempar for å overleve i kulda. Denne vinteren er ekstra hard for dei. Småfuglane er så små og lette at dei har problem med å halde kroppstemperaturen sin oppe. Og skal dei greie det treng dei nok mat. Du kan godt lage fuglematen heime på kjøkenet ditt og det treng ikkje koste så mykje. [...]
Krykkje, lomvi, makrellterne og raudnebbterne er i ferd med å forsvinne frå kysten vår. Toppskarv, svartbak, sildemåse og lundefugl er også i fare. Dette kjem fram i ein rapport frå Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Totalt sett er sjøfuglane redusert med 70 % sidan 1995. Årsaken er ein kombinasjon av overfiske og klimaendring [...]
Make giraffes – not war! Ola og Jørgen bur i Stavanger. Dei er kompisar. Før jul vedda Ola med Jørgen at han kunne få samla inn ein million sjiraffar innan 2011. Jørgen vedda imot. På kort tid har Ola samla inn nesten ein halv million handlaga sjiraffar frå heile verda. Tøft. Kanskje du vil vere [...]
Norsk Barneblad ønskjer alle lesarane sine eit godt nytt år og takkar for det gamle. Første nummer er på veg ut i alle postkassane akkurat no! Her i redaksjonen er vi ikkje så flinke med nyårsløfter – men kanskje du har eit løfte du vil dele med oss andre? Send det inn då vel. Bruk [...]
All den gode maten og alt godteriet kan øydeleggje helsa til kjæledyra våre. Du veit sikkert godt at hundar og kattar ikkje skal ete salt pinnekjøt og feit ribbe. Men at mørk sjokolade kan ta livet av både hund og katt, og at julebaksten kan vere giftig for dyr, det visste du kan hende ikkje. [...]
Då treng du ei bok – då treng du Veslebror ser deg av Cory Doctorow Denne romanen går føre seg i San Francisco i nær framtid, og handlar om 17-årige Marcus Yallow, ein gjennomsnittleg High School-elev, men med over gjennomsnittet datakunnskap og -interesse. Han er ein hackar og ein rollespelnerd, ein som tullar med skolens [...]
Norsk Barneblad er ei super julegåve som kjem 12 gongar i året. Passar for alle barn frå 8 år og oppover. Bestill no – gå inn på «abonnement» eller ring oss på 21 50 47 14/15 Vi sender Norsk Barneblad nummer 12 desember og JULETRE , svargåve og eit fint kort som fortel kven som er [...]
Er du høfleg? Mange vaksne er ikkje særleg høflege, verken mot barn eller andre vaksne. Kvar dag tek eg t-bana til og frå Norsk Barneblad, og nesten kvar dag legg eg merke til uhøfleg framferd. På t-bana til byen om morgonen er det ofte svært fullt, men enkelte passasjerar brøyter seg fram utan å ta [...]
Har du hugsa på å bestille julehefter til vidaresal? Du som har bestilt hefter får dei i løpet av få dagar. Men om du ikkje har tenkt tanken på å tene pengar på juleheftesal – ja så er det framleis tid. Klikk på «Julehefte» i menyen og les om kva du kan tene. Her er det [...]
Dagleg sit både du og eg og leitar etter godt stoff på Internett. Kanskje skal du skrive ei oppgåve og manglar opplysningar. Sjekk ut www.allkunne.no Her finn du påliteleg faktastoff om nynorsk språk- og kulturhistorie. Her kan du lese om viktige personar, institusjonar og organisasjonar. Mange av desse er ikkje nemnde i andre oppslagsverk. For [...]