Nana
You are browsing the archives of Nana.
You are browsing the archives of Nana.
Miss Lesehest har sendt oss dette søte biletet av kattungen sin, Rufus! Er han ikkje nydeleg? Kanskje du har eit kjæledyr du vil vise fram? Då kan du sende mms til 952 44 561 eller e-post med fil til nana@norsk-barneblad.no Norsk Barneblad for dyrevennar – på nynorsk!
Skriv ein skikkeleg grøssar og kanskje vinn du flotte bokpremiar! Eit bra tema er halloween eller allehelgensdag som vi seier på norsk. Feiring av allehelgensdag vert stadig meir populært, og mange barn elskar å kle seg ut i skremmande kostyme denne kvelden. For ikkje å tale om alt snopet ein kan få ved å vitje [...]
Kvar einaste dag blir uskuldige drepne eller lemlesta av miner. I meir enn 70 land i verda ligg det enno tusentals miner gøymt i jorda. Dette er svært farleg. I 1997 blei det forbode å bruke miner og i 2010 blei det også forbode å bruke klasebomber. Men likevel ligg det framleis tusentals miner igjen og [...]
For litt sidan skulle klassen min og eg ut og bade. Der var det ei flytebrygge vi skulle hoppe ifrå. Brygga var full av folk, og eg måtte hoppe først. Eg hoppa og sumde tilbake til brygga. Då såg eg at alle lo av meg, men eg skjøna ikkje kvifor. Men så sa venninna mi [...]
Berre i sommar døydde 50 milliardar insekt i trafikken. Kvar personbil tek livet av om lag 6000 insekt i løpet av ein sommar. Entomolog Vi har om lag 23 000 registrerte insektartar her i landet. Truleg har vi ein del til som vi enno ikkje veit om. Ja, sjølv i våre dagar er det mange insekt [...]
Forskarar skulle finne ut om edderkoppar som lever i område med stadige flaumar, toler å vere lenger under vatn enn same typen edderkoppar som lever i tørre område. Edderkoppane blei lagde under vatn, og forskarane sjekka kor lenge dei levde. Dei børsta forsiktig borti dei med ein liten kost for å sjå etter teikn til [...]
Magnus skulle prøva ei nyslipt øks, og hogg seg i foten. Han måtte liggja eit par dagar, men trøysta seg med Norsk Barneblad! Og vi i Norsk Barneblad ønskjer Magnus god betring! Kanskje du som les dette har eit bilete med ei historie du vil dele med andre? Send det inn til nana@norsk-barneblad.no
Det som hende fredag 22 juli er så ufatteleg trist og grusomt at vi ikkje har ord. Det er vanskeleg å skrive noko som gir meining, men alle blomane utanfor domkyrkja i Oslo gir oss håp. Saman skal vi klare også dette. Og i namna til alle som døydde skal vi gjere Noreg til eit [...]
Det er ikkje alltid slik vi trur det er. Vi trur til dømes at giftige slangar og fugl som ligg på reir og klekkjer ut sine søte små, ikkje passar så godt saman. Ja, vi trur at giftige slangar på ei nesten aud øy vil hive seg over både dei vaksne og dei små fuglane [...]
Dette er lyden av nokon som les «Barnas eigne vitsar»! I denne nye vitseboka finn du hylande morosame, teite, artige, rare vitsar. Alle vitsane er sende inn av lesarane i Norsk Barneblad. Kanskje av deg? Redaktørar for boka er Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum. Ein kunstmålar sat på ei høgd og såg utover landskapet. Då [...]