Vips så kom det to nyfødde pandaungar!
Dyreparken i Kristiansand har fått to nye bittesmå bebuarar. Plutseleg så var dei berre der. Klokka halv tre tysdag ettermiddag oppdaga ein dyrepassar at den raude pandahoa, som dei akkurat hadde fått frå København, ikkje lenger var aleine. To ørsmå byltar låg tett inntil ho. Dyrepassaren skjøna sjølvsagt med ein gong at pandahoa hadde fått kvelpar. To små blinde nøster.
Mor deira er ein raud panda frå Himalaya som er utrudningstruga og difor er dette ekstra gledeleg. Ein panda føder så bittesmå ungar at det er vanskeleg å sjå om ei hoe er gravid eller ikkje. No følgjer dyrepassaren nøye på at pandamora passar godt på dei nyfødde små. Held dei varme og gir dei nok mjølk. Sidan dei er så bittesmå og heilt blinde er det veldig viktig at mor klarer å ta godt vare på dei den første tida. Pandaungar er nemleg heilt hjelpelause, ja akkurat som vi er når vi er spebarn. Men fram til no ser det ut til at den unge mora er ei skikkeleg flink mor.
Norsk Barneblad gratulerer vesle pandamor og ønskjer henne og dei to små nøsta hennar ein retteleg god og varm sommar! Måtte dei to små vekse til og trivast.
Foto Ole Martin Buene/Dyrparken
Norsk Barneblad for glade og opplyste barn – på nynorsk!




Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.