Norsk Barneblad

På tide med noko godt?

Muffins er både godt og raskt å lage. Her er ei enkel og lett oppskrift på tigermuffins.

Tigermuffins

16 store eller 30 små muffins

Dette treng du:

100 gram smør

2 dl sukker

2 egg

4 dl mjøl

2 teskeier bakepulver

1 teskei vaniljesukker

1 1/2 dl mjølk

1/2 dl kakaopulver

Slik gjer du:

Rør mjukt smør og sukker. Tilset eitt egg om gongen. Bland i mjøl, bakepulver og vaniljesukker. Rør inn mjølka.

Ta halvparten av deigen og i ein ny bolle. Rør inn kakaopulveret i den eine deigen. Bland så forsiktig den kvite og den brune deigen så det blir ein stripete deig.  No blir det tigermuffins. Fyll i papirformene og steik i omnen på 175 grader i omlag 12 til 15 minutt.

Pynt gjerne med melisglasur og farga kakepynt. Har du nokre små kakelys slengande rundt, så bruk dei gjerne til å pynte med. Så blir det eit ekstra koseleg lysande kakefat  i mørketida. Kos deg!

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn – på nynorsk!

Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.