Norsk Barneblad

Norsk Barneblad har fødselsdag!

I år fyller Norsk Barneblad 125 år! Tenk at vi har komme ut i 125 år. Det er lenge, det! Vi har laga meir enn førti tusen sider med lesestoff for barn og unge. Ja, kanskje tippoldemora di også las Norsk Barneblad då ho var lita. 125 år er mange generasjonar, og vi har ikkje tal på kor mange som har lese bladet igjennom denne lange tida.

Ein ung lærar i Grimstad tenkte i 1887 at det var dumt at ungane ikkje fekk lese noko på sitt eige norske språk, men måtte lese eit fornorska dansk som ikkje likna på talemålet deira. Og slik kom han på ideen om å gje ut eit lite barneblad på landsmål – som nynorsk blei kalla på den tida. Dei første åra heitte bladet Sysvorti, som er eit dialektord for svarttrasten. Svarttrasten er kjend for den fine songen sin, og det var den songen Kristen Stalleland tenkte på då han kalla bladet for Sysvorti. Eit blad som song fint på norsk for dei unge lesarane sine, skulle det vere. Og det vart det jo også. No har vi sunge i 125 år, og songen vår skal ikkje stilne på mange, mange år.

Du vil vel vere med og feire oss, du også? Ja, utan deg og dei andre lesarane våre hadde vi jo ingenting å feire. Vi inviterer deg til å hjelpe oss med å gjere dette året ekstra flott. Alle som sender inn teikningar, vitsar, forteljingar og flausar, og legg ved fullt namn og adresse, får ei gåve i posten. Kanskje kan du intervjue besteforeldra dine eller andre eldre du kjenner? Du kan spørje dei om korleis dei hadde det som barn, og kanskje las dei også Norsk Barneblad? Vi lover å finne plass i bladet til masse innsendt stoff frå lesarane våre i år. Send til nana@norsk-barneblad.no

Norsk Barneblad til skapande barn – på nynorsk!

Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.