Norsk Barneblad

Lensmann Snufs hjelper frøken Siri Kuhvenn

– Endeleg sol og sommar, tenkte Snufs. I det fine veret hadde han rusla langt ut i skogen, og no låg han midt på ei lita slette. Han låg på magen med attlatne auge, og hørte på alle lydane. Nær ved var det ein liten bekk, og det suste stille i blad og greiner.

            – Så sjeldan vi gjev oss tid til verkeleg å høyre etter, tenkte han. Han kjende at det framleis var rått i marka, og han visste at han ikkje kunne bli liggjande lenge. Sjølv om Snufs var ein vaksen mann, hugsa han at mora hadde sagt at han måtte vere forsiktig med å leggje seg rett på marka om våren. Han skulle akkurat til å reise seg opp da han høyrde nokre lydar han ikkje hadde høyrt før. Det måtte vere eit dyr som kom gjennom skogen. Først vart han litt redd, men så letta han forsiktig på hovudet for å sjå kva det var. Det var ikkje eit dyr. Det var den unge og spenstige heradsagronomen Siri Kuhvenn. Heldigvis hadde ho ikkje hunden sin med seg.

            Snufs vart litt flau, og visste ikkje kva han skulle gjere.

– Kanskje ho ikkje oppdagar meg om eg ligg heilt stille og gjer som ingen ting, tenkte han først. Men så kom han på at det vart ekstra pinleg om ho oppdaga han likevel, og kanskje trudde at han spionerte på henne. Han reiste seg difor opp og kremta. Frøken Kuhvenn, som hadde stansa og stod med ryggen til, skvatt til, men smilte da ho såg det var lensmannen.

– No kan du hjelpe meg med eit problem, sa ho. – Eg er ute i skogen her for å ta nokre luftprøver for Miljøverndepartementet. Her har eg eit glas som eg skal fylle med luft, og så setje på lokket. Men korleis kan eg vere heilt sikker på at eg får ut absolutt all den lufta som alt er i glaset? Det hjelper ikkje om eg snur glaset opp ned, for eg kan jo ikkje sjå om all lufta renn ut. Ho såg så fortvilt ut at Snufs fekk lyst til å leggje armen rundt henne, men det torde han slett ikkje. I staden vart dei begge ståande heilt tause ved sida av den vesle bekken.

– No kom eg på noko, sa Snufs, –  ein heilt bombesikker metode. Skjønar du kva den skarpe lensmannen tenkte på?

 

Tekst: Gard Espeland

Illustrasjon: Trond Rømo

Løysing:

Dersom dei først fylte glaset med vatn frå bekken, og så tømde ut vatnet, kunne dei vere heilt sikre på at dei hadde fått ut all lufta som var i glaset, før dei tok prøva.

Norsk Barneblad for smarte barn – på nynorsk!

Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.