Kjedar du deg?
Då treng du ei bok – då treng du
Veslebror ser deg av Cory Doctorow 
| Denne romanen går føre seg i San Francisco i nær framtid, og handlar om 17-årige Marcus Yallow, ein gjennomsnittleg High School-elev, men med over gjennomsnittet datakunnskap og -interesse.
Han er ein hackar og ein rollespelnerd, ein som tullar med skolens tryggleikssystem etc. På veg til eit laivspel, blir Bay Bridge i San Francisco sprengd i lufta, og Marcus og vennene hans er på feil sted til feil tid.
Dei blir tatt inn av Departement of Homeland Security og tatt med til ein forhørsleir dei ikkje veit kvar ligg. DHS mistenker Marcus for å vere involert, fordi han har elektronisk utstyr med seg, som er er sikra og omprogrammert på eit vis berre ein hackar kan gjere det. Norsk Barneblad for glade og opplyste barn – på nynorsk! |
Boka er kjempespennande og du kan laste ho ned gratis! 




Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.