Norsk Barneblad

Inn i elden av Aina Basso

Historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe

I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie.

Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ”klok kone” i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga.

Boka er veldig sterk og ingen kan lese ho utan å kjenne på gråten. Men språket i  boka er så godt at det ikkje blir ei rein tåreperse. Språket er nemleg både usedvanleg vakkert og poetisk. ” Inn i elden” er ei av dei beste ungdomsbøkene eg har lese. Eg håper at mange finn fram til denne boka! Du vil ikkje angre!

Norsk Barneblad for leseglade barn – på nynorsk!

Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.