Norsk Barneblad

Georg hatar skolen…

Georg hatar skolen. Han er dårlegast i alt og har dumpa to gongar. No er han tretten og utvist frå sjette klasse. Ja, skolen vil ikkje ha han tilbake i det heile tatt. Til og med bestefar Leon som alltid har vore bestevennen hans, kjeftar og seier at han må ta seg saman. Ta seg saman? Korleis kan han ta seg saman? Georg kan berre ikkje noko for at han ikkje forstår seg på skolearbeid. Berre i første klassen hadde han ei lærarinne som skjøna at Georg kan lage alt mulig med hendene sine. Georg er skikkeleg flink med hendene sine. Men skolearbeid og lekser går berre ikkje. Og no er det skikkeleg ille og foreldra kjeftar og kranglar så Georg får sår i øyro. Og finst det ein skole som vil ta inn Georg – midt i skoleåret? Alle er fortvila over Georg. Kan livet bli verre? tenker han.

Veldig flott bok av den franske forfattaren Anna Gavalda.

Omsett frå fransk til bokmål av Tove Bakke.

Boka kan lånast på biblioteket eller kjøpast i ein bokhandel.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn – på nynorsk!

Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.