EXPO 2010
1. mai opnar verdsutstillinga som er den største nokonsinne, i Shanghai. I 184 dagar vil utstillinga vare og mellom 70 og 100 millionar menneske er venta å kome innom. Heile 242 land og organisasjonar er påmelde som utstillarar.
EXPO 2010 har som tema ”Betre byar, betre liv”. Byliv er for første gong tema for ei verdsutstilling. Norske byar er få og små, men dei har noko til felles. Det er vere seg kyst og hav, fjell eller skog. Menneska i dei norske byane bur nær natur, i og rundt byen. På EXPO 2010 har Noreg kalla sin utstillings-paviljong ”Norway. Powered By Nature”. Noreg vil vise korleis naturen er ei kjelde til
betre trivsel i byane, gjennom opplevingar, inspirasjon og reinare energi. Bileta viser korleis ein tenker seg den norske pavilijongen og utstillinga inne i han. Og til venstre ser vi frå bygginga av pavilijongen. Truleg vil minst 3 millionar menneske sjå den norske utstillinga.





Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.