Norsk Barneblad

Dei kallar meg berre Hugo

hugo-smallHugo er ein gut på 11 år. Han og Ramn er bestekameratar heilt til alt skjer. Dei blir bitre fiendar og alt startar med ei gammal bok frå Frankrike. ”Ringeren i Notre Dame” av Victor Hugo. Har Hugo namnet sitt etter denne forfattaren som har vore daud i fleire mannsaldrar? I klassen til Hugo går det ei jente som alle kallar for Smæra. No finn Hugo ut at ho heiter Esmeralda. Ho har same namnet som den vakre sigøynarjenta i boka. Kvifor? Er det ein samanhang mellom Hugo og Esmeralda? Er det berre eit pussig samantreff eller er det noko meir?

Takka vere namnet sitt finn Hugo ut mykje han ikkje ante noko om. Nye venner får han også og ein rad uventa hendingar tek plass i livet hans. Ingenting kan bli som før og kva med venskapen til Ramn? Kan han reddast?

Dette er første boka av fire om guten Hugo. Boka er både spennande og morosam. Du kan kjøpe ho i bokhandelen eller låne ho på biblioteket. Du blir ikkje skuffa.

”Ringeren i Notre Dame” av Victor Hugo finst også i biblioteket om du har lyst til å lese om sigøynarjenta Esmeralda og den forkrøpla og krylrygga ringaren Quasimodo. Boka er rekna for å vere ein klassikar – ei bok som aldri blir for gammal og som stadige nye unge lesarar finn glede og grøss i. Prøv du også!

 Rakel Helmsdal er fødd 1966, og bur på Færøyane. Dei kallar meg berre Hugo er den første av fire bøker om Hugo.

I tillegg til å skrive bøker arbeider Rakel òg med teater, ulike kulturprosjekt for unge, og som gartnar, bibliotekar og grafikar. Ho held også kurs i kreativ skriving. Rakel budde fleire år i Frankrike før ho igjen busette seg heime på Færøyane.

Rakel kjem på Noregsbesøk i høve Faltiriltu, den nynorske barnebokfestivalen på Stord, første veka i november i år.

Kapabel forlag i Bergen har gitt ut Rakel Helmsdal si bok om Hugo, den første i ein serie med i alt fire bøker. Boka er omsett frå færøysk til nynorsk av Lars Moa.

Dette er ein nettartikkel og er ikkje trykt i Norsk Barneblad.

Ordskiftet er avslutta.