Belønning for å møte opp på skolen?
Fråver frå skolen kan fort bli ein vane som seinare dukkar opp att i arbeidslivet, seier Arnstein Mykletun. Han leier ekspertgruppa som skal sjå på korleis det høge sjukefråveret her i landet kan bli mindre. Skulkinga startar altså på skolen meinar han. Kva meinar du? Trur du at skulking i skolen held fram i arbeidslivet?
Ein skule i Nordland vil belønne elevar utan fråver frå skolen. Men ikkje alle syns det er ein god ide. Dei fleste av oss meinar at det å møte opp på skolen er viktig og ikkje noko ein skal bli belønna for å gjere. Kva tenker du om dette? Gå inn på ordskifte og legg inn di meining om saka.
Norsk Barneblad for glade og opplyste barn – på nynorsk!




Ordskiftet er avslutta, men du kan bruke tilbaketråkk og tilbakeping.