Norsk Barneblad

Arkiv for desember 2015

God jul frå Norsk Barneblad

God jul frå Norsk Barneblad

Vi ønskjer nye og gamle lesarar ei god jul og eit fredeleg nytt år! Det fine julekortet er teikna av Solveig Muren Sanden. Norsk Barneblad for juleglade barn – på nynorsk!

Førjulsmysterium

Førjulsmysterium

Av Gard Espeland med teikning av Trond Rømo – Slike tjuvar burde få livsvarig fengsel. Lensmann Snufs hadde akkurat sett seg i godstolen sin for å finne ut kva han eigentleg ønskte seg til jul, da telefonen ringde heime hos han. – Javel, sa Snufs. – Kva er det eigentleg snakk om? – Det er […]

Førjulskos med kjeks!

Førjulskos med kjeks!

Ingen grunn til å lure deg til julekaker før jul, når du fort kan lage deg ein stor porsjon med lekre og sprø kjeks, eller havreflarn, som dei heiter.  Desse er skikkeleg gode! Havreflarn Dette treng du: 100 gram smør eller margarin 3 dl store havregryn 1 egg 1 ½ dl sukker 1 ss kveitemjøl 1 […]

Norsk Barneblad blir

Norsk Barneblad blir «nytt»!

Frå første nummer i 2016 får du eit heilt «nytt» Norsk Barneblad. Vi har gått igjennom heile bladet, både innhald og utsjånad,  og vi har høyrt på råd frå lesarane våre. Vi er stolte over det nye bladet og gler oss til å sende det ut til deg!

Inga jul utan julehefte

Inga jul utan julehefte

Smørbukk og Tuss & Troll er å finne i ein butikk nær deg! Dette er morosamt lesestoff medan du ventar på at julefreden skal legge seg over heimen din. I begge hefta finn du både nye og gamle forteljingar og eventyr. Tuss & Troll feirar 70 år i år. Første eventyrhefte kom i 1945 og […]