Norsk Barneblad

Arkiv for juni 2012

God sommar!

God sommar!

Endeleg er han her, sommaren! No er det skulefri og tid for moro og leik. Ja, endeleg nok tid til avslapping og late dagar. Lat oss håpe på godt ver og mykje sol og varme. Det kan vi trenge etter ein lang og hustren vinter. Det beste med sommaren er, etter mi meining, å sleppe å ta […]

Plastsøppel i sjøen

Plastsøppel i sjøen

Søppelberget vårt veks og veks. Mykje av plasten hamnar i havet. Verdshava er fulle av plast som flyt rundt eller ligg på botnen. Det finst ikkje ein avkrok i verdshava som ikkje har hatt besøk av ein plastpose eller to. Og for kvart andre eller tredje år blir det ti gonger verre. I havet har […]

Din eigen regnskog!

Din eigen regnskog!

Heile kroppen vår er som ein jordklode for bakteriane. Og i armholene dine er det ein regnskog. Huff og huff, tenkjer du vel no. Men dei fleste av bakteriane som bur på deg, er hjelparane dine. Til dømes er bakteriane som kosar seg i og rundt naseborene dine, i full jobb med å produsere naturlege […]

Dokker for eldre

Dokker for eldre

Dokker er ikkje berre for barn. I høgteknologiske Japan har dei funne opp ei dokke for einsame eldre utan barnebarn. Det blir stadig færre barn i Japan, og mange eldre saknar eigne barnebarn. Det har leiketysprodusentane gjort noko med. ”Yumel” heiter dokka som både søv og pratar med pensjonistane. Yumel er ein liten gut, og […]

Hai i fare!

Hai i fare!

Som oftast tenkjer vi nok at det er vi som er i fare, og ikkje haien. Men sanninga er meir innvikla enn som så. Mange haiartar, spesielt dei som lever på djupt hav, er i fare. Vi veit om 581 haiartar som lever i djupet, men vi har berre skikkeleg informasjon om 13 av dei. […]

Redda av alligatorblod?

Redda av alligatorblod?

Ja, kanskje blir du redda av alligatorblod? Ein alligator slåst ofte og blir ofte såra. I sumpen og vatnet der alligatorane lever, er det flotte forhold for svært mange hissige bakteriar, men likevel går det som oftast bra. Dei store overflate-såra til alligatorane gror fint saman og blir sjeldan infiserte. Kvifor blir ikkje alligatorane oftare […]